Denne veka har debatten rundt regjeringas utsetjing av "månelandingsprosjektet" på Mongstad gått i norsk media. Mellom anna miljøvernorganisasjonane, SU og den politiske opposisjonen på Stortinget rasar mot det dei meiner er regjeringas løftebrot. Senterungdommen meiner denne utsetjinga av CO2-rensing er svært uheldig, men innser likevel at ein ikkje kan politisk vedta ny teknologi, og at det finst eit fagleg grunnlag for dette vedtaket.
Det er likevel ingen tvil om at denne utsetjinga set særleg miljøtruverdet til regjeringa på spel. Senterungdommen er difor heilt klar på at ei utsetjing av denne teknologien må følgjast opp med ei enda sterkare satsing på andre felt i kampen mot global oppvarming. Skal Noreg vera den frontfiguren i kampen mot global oppvarming som ressursane våre tilseier, må ein gjera store grep umiddelbart.
Denne saka har også eit næringspolitisk aspekt. Framtidas næringsliv vert forma i dag. Senterungdommen hadde trudd, og trur framleis, at CO2-rensing skulle vera ein av bærebjelkane i framtidas næringsliv i Noreg. Når denne satsinga no ser ut til å vera utsett, meiner Senterungdommen det er viktig at regjeringa tek grep for å sikra utvikling av andre miljøvenlege teknologiar. Norske selskap har gjennom oljealderen opparbeidet seg ein unik kompetanse innan konstruksjon av offshore-konstruksjonar. Denne kompetansen må vidareførast til bygging av fornybare energikjelder i havgapet, som til dømes flytande vindmøller.
Senterungdommen krev at regjeringa snarast legger forholda til rette for at Noreg gradvis kan gå frå svart olje til grøn fornybar energi. Dette kan best gjerast ved å oppretta eit fond for demoparkar, der norske leverandørar kan presentera sine idear for resten av verda. Det må på plass ei ordning, gjerne gjennom ENOVA, i statsbudsjettet for 2011.
Skal Noreg hevda seg som teknologi- og kunnskapsnasjon også i framtida kan ikkje marknadskreftene få styra utviklinga åleine, då trengst det tydelege politikarar som tør å prioritera.