Senterungdomen skal vidareutvikle den offensive sjøfartspolitikken vår, som skal tryggje både eksisterande arbeidsplassar og skape ny vekst i næringa. Vi skal vidareføre dei lange tradisjonane som sjøfartsnasjon, halda oss mellom dei fem største i verda målt i tonnasje, og auka sysselsetjinga i næringa i dei neste fire åra.
Norsk skipsfartsnæring gjennomgjekk store politiske skakingar under Bondevik II-regjeringa, og har fått dårlegare konkurranseevne i forhold til utanlandske reiarlag. Både Sjømannsforbundet og reiarar har uttrykt stor frustrasjon over dei lite føreseielege rammevilkåra dei har fått dei siste åra. Denne vinglate og verktylause sjøfartspolitikken må ta slutt med den nye regjeringa! Ytterlegare kutt i nettolønn, reiarskatt og arbeids og sosiale rettar må stoggast, slik at norske sjøfolk har ein trygg arbeidsplass til sjøs. Lovendringane som har svekt næringa må reverserast.
Maritim næring er ei av dei næringsgreinene som sysselset flest i distrikta, fordi ho i stor grad er uavhengig av bustad. Med dette vil Senterungdommen gje regjeringa fem konkrete krav med tiltak for å tryggje desse 76 000 eksisterande arbeidsplassane og skapa endå fleire:
1. Innføre kabotasjeregelverk
Dette er lovgjeving om kva for skip som får frakte gods mellom norske havner. I dag er Norge nesten det einaste landet i Europa som ikkje har eit slikt lovverk. Eit hovudpunkt i ei slik lov må vere at berre båtar i NOR-registeret får frakte gods mellom norske havner. Lovverket vil då vere med å halde på sysselsetjing av sjøfolk i innanrikssjøfart med norske vilkår. Dette vil tryggje arbeidsplassane til dei 13 000 sjøfolka i NOR-registeret, i all hovudsak distriksarbeidsplassar.
·Senterungdomen krev at det blir innført kabotasjeregelverk i Noreg, for å sikre arbeidsplassane til dei norske sjøfolka i NOR-registeret.
·Senterungdomen krev at regjeringa strammar inn på regelverket om at NIS-registrerte skip kan segle mellom norske havne med dispensasjon.
·Senterungdomen krev at det blir jobba for like vilkår internasjonalt, slik at vi i framtida kan kutte statssubsidiar til skipsnæringa.
2. Styrking av havnestatskontroll
Havnestatskontoll er noko kvar einskild stat har for å kontrollere skip som skal laste eller losse. Dette er eit kontrollapparat som er svært teneleg for statar som handhevar nasjonale lovverk strengare enn Norge. USA har den strengaste kontrollen av skip, og dette gjer at standarden på skip i deira farvatn er mykje høgare enn i land som ikkje handhevar kontrollen like sterkt. Med eit strengare regelverk kan Norge stogge useriøse skip i næringa til dømes skip som ikkje overheld norske krav til miljøtryggleik eller andre krav.
·Senterungdomen krev styrking av hamnestatskontrollen, slik at vi kan stogge useriøse reiarar som ikkje overheld norske krav til arbeids- og sosialforhald og tryggleiks- og miljøstandardar.
·Senterungdomen krev at regjeringa strammar inn krava til skip som skal inn i norsk farvatn, og gjennom denne styrkinga gjere den maritime næringa meir tilpassa norske retningslinjer.
3. Sosial dumping
Bondevik II- regjeringa la fram stortingsmelding nr. 31”Vilje til vekst”, der dei opnar for storstilt sosial dumping, gjennom at utanlandsk mannskap kan kome til Noreg og arbeide på skip som fraktar gods mellom norske hamner. Erna Solberg grunngav dette med at utanlandske skip med uregulert arbeidskraft er billigare, og difor i tråd med hennar transport- og miljøpolitiske mål om å overføre transport frå land til sjø. Dette vil seie at alle utanlandske skip kan kome inn i norsk farvatn og utkonkurrere norsk skipsnæring. Dette må den nye regjeringa rydja opp i. Arbeids- og opphaldsløyve må vere krav for å arbeide på norske skip, og berre NOR-registrerte skip må få operere mellom norske hamner.
·Senterungdomen krev at regjeringa går inn for at alle tilsette i den maritime næringa må ha arbeids- og opphaldsløyve i Noreg for å arbeide på skip registrert i NIS og NOR.
·Senterungdomen vil at den nye regjeringa skal ha nulltoleranse for sosial dumping.
·Senterungdomen vil at regjeringa så snart som råd kjem med konkrete tiltak for at norske reiar vel norske sjøfolk på sine skip både nasjonalt og internasjonalt