I 1928 blei kornloven innført med tanken om å ha korn i beredskap. I 1969 hadde vi 280 000 tonn matkorn, og 500 000 tonn kraftfôr (eit års forbruk). I dag er det einaste kornet vi har på lager det kornet som ligg i møllene rundt om i landet. Og desse møllene er heilt tomme før innhaustinga. Kornlova er altså avvikla.
I Sverige og Finland lagrast det framleis mykje korn, og dei lagrar stadig meir. Trur vi i Noreg at vi er så rike at vi kan kjøpa oss ut frå ei kvar krise?
Kornlagra er ikkje noko som høyrer til ei gløymd tid. Matproduksjon er svært avhengig av klimaet, og klimakrisene ser vi oftare og oftare. I Pakistan vart matproduksjonen først ramma av tørke, og så ein flaum som la store landbruksområdar under vatn. I Russland er det stor tørke og kornproduksjonen er sterkt redusert, mens dei i Kanada plages med mykje regn og dermed lite korn. I biologisk produksjon må ein ta høgde for slikt, ikkje alt blir som ein trur. Det har vi også erfart her til lands i år.
Utan kornlager, er mattryggleika i Noreg mykje lågare. Vi i Senterungdommen mein at sjølvberging er solidaritet. Derfor er det òg stadig viktigare med kornlager, i ei stadig meir ustabil verd. FNs miljøorganisasjon mein at jordas matproduksjon kan gå ned med 25% grunna miljøøydeleggingar, i samsvar med at stadig fleire svelt.
Kornlagret må finansieres med friske midler over statsbudsjettet og ikkje tas av midler frå jordbruksavtalen.
Senterungdommen vil derfor gjeninnføre beredskapslager av korn.