Senterungdommen vil ikkje sjå på at regjeringa legg ned/flaggar ut heile den maritime sektoren gjennom å kutte nettolønnsordninga.
Gjennom stortingsmelding nr. 31 la regjeringa fram sitt forslag til framtidig struktur på den maritime næringa, men det er tydeleg at regjeringa ikkje har kontroll over kor sårbar denne næringa er. Dei har i denne stortingsmeldinga lagt opp til store områkeringa avrefusjonsordningar som i dag sikrar norske sjøfolk i utanriksfart.
Den maritime næringa opplever i dag nye innstrammingar. Regjeringa har gjennom stortingsmelding nr. 31 ”Vilje til vekst”, meldt om at nettolønnsordninga skal kuttast. Dette er som å ta kvelartak på ei stor næring som i dag sysselsetter vel 13 000 norske sjøfolk. Dette er 13 000 arbeidsplassar som vil forsvinne til nabolanda viss ikkje Noreg held på denne refusjonsordninga.
Alle våre naboland har refusjonsordningar for maritim sektor, og det må Noreg og ha viss dei skal vere konkurransedyktige, på langsikt er målsetjinga at alle land avviklar desse refusjonsordningane. Gjennom denne stortingsmeldinga fell heile den norske skipsfarten til grunne, fordi lågkostland, og andre land med refusjonsordningar kan drive skipsfart til ein mykje lågare kostnad.
Nettolønnsordninga omfattar i dag utanriksfart, NOR registrerte ferjer i utanriksfart og NOR registrerte offshorefartøy. Dette er ein stor del avden totale skipsfarten i Noreg. Regjeringa vil flagge ut alt som kostar staten pengar, men driv direkte løgn når dei snakkar om vilje til vekst i maritimsektor. Noreg har heile7% av verdens skipsfart, og vi må vise at vi skal ha norske sjøfolk inn i framtida.
Senterungdomen vil halde på ei refusjonsordning som gjer at vi i framtida skal ha ein maritimsektor med norske sjøfolk. Noreg er i dag ein leiande aktør i den maritime sektoren. Senterungdommen ser det som heilt nødvendig at Noreg skal vere fremst i verden når det gjeld kompetanse og arbeidsplassar innan skipsfart. Vi ser det som viktig å trygge arbeidsplassar der du kan bu kvar som helst i Noreg, for så å ha heile verda som arbeidsstad.