NCF ser store utfordringar med dagens praksis i dei nordiske landa si rovdyrforvaltning. Ved oppteljing av nasjonale rovdyrbestandar vert det i altfor liten grad teke hensyn til vandringane som skjer på tvers av landegrensene. Rovdyr som ulv og bjørn kjenner ikkje til begrepet landegrenser, og det er på tide at rovdyrforvaltninga òg tek hensyn til dette. Slike streifdyr har ført til at stadig fleire innbyggjarar i område som ligg nær ei riksgrense kjenner seg tilsidesett når oppteljinga av rovdyr vert offentleggjort, då desse oppteljingane i stor grad vert laga på grunnlag av reine "nasjonale" dyr.
NCF meiner difor at det er på tide å få til ei felles nordisk rovdyrforvaltning. Dette vil føre til betre kontroll og oversikt over dei reelle rovdyrtala i eit område, noko som vil føre meir effektive uttak av skadedyr og mindre grad av konflikt mellom rovdyr og menneske.