Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre 14. juni 2009:

Eit næringsliv for framtida

 


Dei siste 30 åra har det norske næringslivet blomstra som aldri før, mykje takka vera enorme oljeinntekter. Senterungdommen innser at dei fossile ressursane våre ikkje kjem til å vara evig og ønskjer å byggja eit næringsliv i Norge som står seg også etter at desse inntektene tek slutt. I tillegg står Norge framfor ei eldrebølgje. Det er difor særdeles viktig at den private verdiskapinga er høg, slik at ein har råd til å møte denne bølgja på ein god måte.

For å gjera dette vil Senterungdommen satsa meir på gründerverksemd og unge nyetablerarar. Dagens nyetablerar er morgondagens arbeidsgjevarar og for å sikra eit stabilt arbeidsmarked også i framtida ønskjer Senterungdommen å gjera deira kvardag lettare. Sjølv om Senterungdommen meiner regjeringas næringspolitikk, med Arbeiderpartiet i spissen, er for mykje fokusert på dei store industrilokomotiva, har regjeringa gjort mykje bra også i den generelle næringspolitikken. Ein har mellom anna fått ei større satsing på Innovasjon Norge og regionale forskingsfond er blitt oppretta. 

Senterungdommen ønskjer likevel å framover jobba for enno betre rammevilkår for det norske næringslivet. Å byggja opp nye, solide verksemder tek tid og det er difor viktig at ei slik satsing blir trappa opp no mens ein har sjansen. Det er også heilt klart at med det norske lønnsnivået er  kunnskap og forsking sentrale stikkord i Norges framtidige næringsvegar. Auka rammevilkår til utdanningsinstitusjonane må difor sjåast i samanheng med ein styrka næringspolitikk.

Nokre tiltak som etter vår meining vil hjelpa norsk næringsliv kraftig er:

  • Auka fokus på gründerverksemd og elevbedrifter i skulen og betre samhandling mellom skular og lokalt næringsliv
  • Forenkling av skjemaveldet og det offentlege byråkratiet for små verksemder
  • Styrka satsing på høgare utdanning og forsking
  • Stimulera kommunar, regionråd og fylkeskommunar til å i større grad støtta opp om nye verksemder
  • På sikt fjerna arveavgifta på næringsvirksomhet
  • Fjerna arbeidsgjevaravgifta dei første tre åra for nye kunnskapsverksemder
  • Gje skattefradrag for investeringar i nyetablerte kunnskapsverksemder
  • Gje studiepoeng for Young Enterprise International Examination, ein friviljug eksamen for studentar som jobbar med student-/elevverksemder

Senterungdommen er klare til å hjelpa morgondagens næringsliv allereie i dag!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut