Senterungdommen meiner ein i dagens næringspolitikk treng ein meir aktiv eigarstrategi i dei næringsselskapa som staten er deleigar i. Senterungdommen ser i dag ein situasjon der mange politikarar har eit mål om å bruka desse eigarskapa til positiv samfunnsutvikling, men der Staten i praksis vert ein passiv eigar som er ute etter å maksimera det kortsiktige utbyttet frå selskapa. Eit godt døme her, er den mykje omtalte oljesand-saka i Canada. Statoil dreiv dette prosjektet, trass i stor motstand frå opinionen heime i Noreg.
Senterungdommen meiner Staten skal ha eit langsiktig fokus når det gjeld kor eigarskapet brukast for å auke forsking framfor aksjeutbytte. Dette reduserar og usikkerheit i børsvurderingane av desse selskapa, som enkelte fryktar ved meir aktivt statleg eigarskap.
Det er ingen tvil om at mange av desse selskapa har eit enormt potensiale til å bidra i å løyse morgondagens samfunnsproblem, til dømes innan energi- og petroleumssektoren. Skal desse selskapa bidra til å utvikla meir framtidsretta løysingar trengst det likevel meir enn berre marknadsmekanismar, då trengs det ein eigar som meinar at langsiktig forsking og utvikling er eit viktigare mål enn kortsiktig aksjeutbytte.
Senterungdommen krev meir aktiv styring av dei selskapa staten er deleigar i, også i praksis! Senterungdommen mener også at dette må inn i den nye eierskapsmeldinga som regjeringa skal legge fram.