Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre:

Slepp nynorsken til

 


Senterungdomen meiner alle i størst muleg grad skal ha høve til å nytte den målforma dei vil, inkludert journalistar og redaktørar. Slik er det ikkje i dag. Mange aviser forbyr nynorskbruk heilt, eller tillet det berre i visse situasjonar. Slik kan det ikkje halde fram. Staten må begynne å stille strengare vilkår i tildelinga av pressestønad. Dei store laussalsavisene, der nynorsken i størst grad glimarar med fråveret sitt, mottek stønad hovudsakleg i form av momsfritak. Vilkåret for å nyte godt av momsfritaket må vera at dei nynorskjournalistane som ønskjer det, har høve til å skrive på nynorsk. Ved brot på dette vilkåret må momsfritaket falle bort.  

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut