Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre 1. april 2005:

Kulturløft i praksis

 


Senterpartiet og Senterungdommen er dei einaste som tør å løfta fram kultur, idrett og frivilligheit, sjølve limet i alle lokalsamfunn som hovudsak i valkampen. Med det viser vi i praksis vårt hjarta for heile kulturnasjonen Noreg, for alle lokalsamfunn i bygd og by, for folk flest og deira kvardag!

Den sitjande regjeringa har ført ein økonomisk politikk som har strøypt Kommune-Noreg og såleis det breie kulturtilbodet på lokalplan. På nasjonalt plan har Kultur- og Kyrkjedepartementet hatt dårleg fokus på å vidareutvikle mangfaldet av nasjonale institusjonar, sikra formidling av kulturarv oppfatta som folkeeige, og bidra med middel til innkjøp av nasjonalt viktig ny kunst. Som kulturnasjon toler ikkje Noreg fire nye år med liberalistisk Høgre-ideologi administrert av KrF!

Senterungdommen meiner at det ikkje er ei motsetning mellom tunge, nasjonale institusjonar i Oslo eller turnerande riksinstitusjonar som Riksteatret, Riksutstillingar og Rikskonsertane på den eine sida, og regionale og lokale kulturinstitusjonar på den andre sida. Som eit lite land, men ein ambisiøs kulturnasjon, treng Noreg ein hovudstad for heile landet som kan ivareta og visa fram det norske kulturmangfaldet og ta hand om dei aller største produksjonane. Vi treng regioninstitusjonane i byar som Tromsø, Trondheim og Lillehammer. Vi treng turnerande, profesjonelle riksinstitusjonar som kan vitja både Hasvik, Hitra og Hå. Vi treng ein kommuneøkonomi som gjev rom for støtte til lokale amatørteaterlag og andre kulturgrupper. Senterungdommen vil ikkje ha nye 23 milliardar i skattelette, slik Høgre har lova for dei neste fire åra. Vi vil mellom anna bruka pengane på å sikra og auka det norske kulturmangfaldet i heile landet! Mellom det viktigaste er:

  • Gå i mot øyremerket fondering til kulturretta tiltak på lokalplanet, til fordel for en generell auke i rammeoverføringane til kommunane.
  • Bygging av ein ny kulturbåt som kan inngå i eit samarbeid om eit nordisk kulturløft.
  • Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingane må oppmodast til å lage eigne produksjonar tirettelagt for mindre sceneanlegg.
  • Økonomisk støtte til lokale, sjølvdrivne kulturtiltak, dregne i gang av lag, skoleklasser, enkeltungdommar eller kompisgjengar. Det skal være enkelt å søkja om middel, og pengane skal forvaltast av ungdom, til dømes dei fylkesvise Barne- og ungdomsråda eller ungdomensfylkesting
  • Frivillige lag og organisasjonar på landsplan må i statsbudsjettet få auka det frie driftstilskotet
  • Arbeide for eit OL i Tromsø i den neste 10 års perioden.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut