Ca. 6000 menneske er i Noreg i dag utan fast bustad. Dette er eit større tal enn for 5 år sidan. Mange av desse menneska fell inn i gruppa ”vanskelegstilte”. I følgje sosialtenestelova § 3-4 skal sosialtenesta: ”medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særlig tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dem som trenger det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker.”
Individa sine manglande ressursar kan vera dårleg økonomi, men det kan også dreie seg om manglande språk, kunnskap, funksjonsnedsettingar, psykiske lidingar, rusmiddelmisbruk eller andre forhold som fører til at dei har eit dårlegare utgangspunkt enn andre. Eigenskapar ved/i bustadmarknaden som pris, diskriminering, tilgjengelegheit etc. bidrar også til å stengja individ ute frå lik deltaking på bustadmarknaden.
Talet på bustadlause signaliserer klart at behovet er langt større enn det kommunane har å tilby. Eigen bustad betyr mykje for den einskilde, og kan bidra til betre livskvalitet og levekår.
Senterungdommen stiller krav til den nye regjeringa om fleire kommunale bustadar. Det må øyremerkast pengar til kommunane i Noreg, slik at alle får ein stad å bu, uavhengig av økonomi, status og sosial gruppe.