Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 2005:

Statskyrkja - vår folkekyrkje

 


Senterungdommen ynskjer fortsatt statskyrkjeordning i Noreg.

Den norske statskyrkja har ei viktig samfunnsrolle som berar av kultur og historie. Ho representerer dessutan ein sterk norsk tradisjon, som vår viktigaste formidlar av den kristne trua og det kristne verdigrunnlaget.

Slik statskyrkjeordninga fungerer i dag kan staten og kyrkja påverke kvarandre positivt. Kyrkja kan vere eit nyttig korrektiv for staten i etiske og moralske spørsmål, medan staten si viktigaste oppgåve er å oppretthalde mangfaldet i kyrkja, ikkje minst når det gjeld likestilling. Det er samstundes viktig at kyrkja får vera eit trussamfunn, og vert styrt på det grunnlag.

Kyrkja er til stades i livet sine store anledningar. Med over 85% av befolkninga som medlemmar, er kyrkja ei folkekyrkje. Statskyrkja er den beste garantien for å oppretthalde og vidareutvikle kyrkja, som open og inkluderande. Kyrkja må ha takhøgde og rom for fleire grupper, uavhengig av kjønn og seksuell legning. Ei kyrkje med rom for både tru og tvil, kor alle er velkomen.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut