facebook pixel

Vårslepp 2018

Alle medlemmar i Senterungdomen er invitert til Vårslepp på Sundvolden hotell! På Vårslepp får du møte andre senterungdomar frå heile landet med same verdiar som deg sjølv. Vårslepp er ei årleg kurshelg som passar for alle, og hit kjem både nye og gamle medlemmar for påfyll av kunnskap, stifte nye venskap og skape gode minner! Det blir ei blanding av felles opplegg og kurs lagt opp etter nivå.

Deltakaravgifta er sett til kr. 900,- per deltakar. Mange fylkeslag dekker dette heilt eller delvis, sjekk dette med fylkesleiaren din.

Sundvolden hotell ligg i Buskerud i fantastiske omgjevnadar og me garanterer topp stemning.

Om det er mange nok som ønskjer det blir det satt opp buss frå Gardermoen kl. 11.30 og frå Oslo S. kl. 12.00. Reise utover dette organiserast av fylkeslaga, og det gjennomførast full reiseutjamning.

Det er i år høve for tremannsrom, så under "Romønskje" i skjemaet kan du skrive inn eitt eller to namn på folk du ønskjer å dele rom med.

Påmeldingsskjemaet finn du under "Kommende arrangementer" på MinSide! (Direktelenke: https://minside.sp.no/EventSignup/SelectParticipants/34)

Ta kontakt med generalsekretær Karen Følgesvold på kf@sp.no om du har spørsmål.