Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdomens landsmøte 7. november 2009:

Ta ansvar for ettervernet i Noreg

 


Senterungdomen meiner at ettervernet for personar som kjem ut frå fengsel eller annan institusjon, er i Noreg meir eller mindre ikkje eksisterande. For at Noreg skal hjelpa desse personane tilbake til samfunnet, må ein ha eit reelt ettervern. 

Personar som har vore i ein slik situasjon, seier ofte at dei klarar seg fint så lenge dei er i fengsel eller annan institusjon. Problema kjem først etterpå, når ein brått skal klara seg heilt aleine. Mange av desse personane har liten arbeidserfaring, dårleg nettverk, få ressursar osv. Dette påverkar heilt tydeleg korleis de lever. 

Landsmøtet i Senterungdommen krev at det vert utarbeidd nye rutinar i forhold til ettervernet. Det må koma tydleg fram kven som har ansvaret for ettervernet i dag, og det må løyvast midlar til ettervernsarbeidet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut