Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdomens sentralstyre 1. mars 2009:

Stopp vald mot kvinner i asylmottak

 


Senterungdommen meiner alle har rett til vern mot vald. I 2008 kom Amnesty International Norge med ein rapport som viste at kvinner i asylmottak blir utsett for vald og at ingen kjenner det nøyaktige omfanget. Av undersøkinga går det fram at nesten halvparten av mottaka reknar førekomsten for å vera større enn det som blir rapportert. Mørketala blir rekna for å vera store, både på grunn av mangelfulle rapporteringsrutinar og tabuet som heftar ved problematikken. Særleg vald i nære relasjonar er vanskeleg å fange opp, trass i at dette truleg er den mest omfattande forma for valdsutøving. 

Kvinner som bur i asylmottak er ei særleg sårbar gruppe. Dei står utan vernande sosiale nettverk, og har lite kjennskap til rettane sine i det norske samfunnet. Mange har vore utsett for alvorlege overgrep før eller under flukt. Allereie i 1999 kunne SINTEF dokumentere vald mot kvinner i asylmottak. Trass i at styresmaktene har kjent til den utsette situasjonen for desse kvinnene så lenge, er ikkje dei naudsynte tiltaka sett i verk. 

I samband med regjeringa si krisepakke er det no løyvd 30 millionar kroner til ombygging av asylmottak. Dette er ein god start. Det er i tillegg naudsynt med kompetanseheving blant tilsette på mottaka, auka bemanning, skjerpa rutinar og vidare kartlegging av den faktisk situasjonen. Også vertskommunane for asylmottak må vise ansvar og etterspørja kontrollrutinane. Senterungdommen meiner det er heilt uakseptabelt at kvinner i Noreg, uansett opphav, blir utsett for vald og overgrep.  

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut