Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedteke av Senterungdomens landsmøte 8. november 2009:

Redningsselskapet - ein salderingspost for Regjeringa!

 


Senterungdomen sitt landsmøte krev at Redningsselskapet sitt arbeid blir verdsett av regjeringa. Vi krev at statsstøtta til redningsselskapet kjem opp igjen på 2005-nivå, slik Redningsselskapet også ynskjer. Arbeidet som Redningsselskapet gjer er unikt og viktig. 

Drifta av selskapet sine båtar er ikkje blitt billigare, men tvert om har kostnadane auka. I dei siste åra har også dieselprisen gjort at budsjetta til Redningsselskapet er blitt pressa endå meir. Selskapet har redusert veldig mykje innan administrasjon dei siste åra for å verne om skøytene, men dei neste åra er det drifta av båtane som står i fare for å bli redusert om dei ikkje klare å snu underskot til overskot. 

Redningsselskapet får 42 millioner kroner i 2009. Dette er 18 millioner mindre enn det dei fekk i 2005. Redningsselskapet har i dag 38 båtar i drift, av desse er det 14 skip som blir drivne på frivillig basis. Redningsselskapet redda heile 84 skip og 26 liv i løpet av 2008. Dei assisterte heile 6400 skip/båtar, noko som syner viktigheita av arbeidet dei gjer, både når det gjeld tryggleiken til menneskjer som har sin arbeidsplass på sjøen, og ferierar der.

Regjeringa har styrka satsinga på kystvaktberedskapen, men denne forma for beredskap er totalt sett mykje dyrare enn den unike kombinasjonen av frivillig og betalt redningsarbeid som Redningsselskapet gjer kvar dag. No må også det prioriterast!

Senterungdomen sitt landsmøte meiner at eit sterkt redningsselskap basert på frivillig arbeid kombinert med lønna arbeid er ein unik arbeidsform som tenar samfunnet og tryggleiken til sjøfolka. 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut