Til forsiden
Du er her: Om oss 


Marit Nerås Krogsæter:

1.styremedlem

Namn: Marit Nerås Krogsæter
Fødd: 24.06.1992
Telefon: 91832844
Straumpost: mnk@senterpartiet.no
Blogg: www.maritkrogsaeter.wordpress.com
Twitter: maritkrogsaeter

Marit Nerås Krogsæter er 20 år gamal og kjem frå Haram Kommune på Nordre Sunnmøre. Hausten 2011 flytta ho til Trondheim for å studere til å verte lektor i nordisk språk og litteratur med statsvitskap som sidefag. Ho har alltid vore interessert i å vere med i lokalsamfunnet, både som idrettsutøvar og musikar, men det var rett føre stortingsvalet i 2009 ho fekk augo opp for politikk. Senterpartiet vart eit naturleg val og det tok ikkje lange tida før ho vart tilsett som ungdomssekretær og etterkvart fylkesleiar for Senterungdomen i Møre og Romsdal.

Den same hausten ho flytta til Trondheim vart ho innvald som fyrste vararepresentant til Fylkestinget samt ein utruleg uventa varaplass i kommunestyret i Haram. Den sterke interessa for idrettsliv, kulturarbeid og målsak gjorde mellom anna at ho fekk ein fast plass i Kultur- og folkehelseutvalet i Fylkeskommunen. Til valet i 2013 er Marit Møre og Romsdal Senterparti sin tredjekandidat.