|
|
[03.06.09 14:31] Kristine Rafdal er vara til sentralstyre og blogger i Stavanger Aftenblad frem mot valget i September. "Kvifor tenka lite, når ein kan tenka stort" spør hun i dette innlegget.
Eg kunne så utruleg lett ha gjort dette til eit sutreinnlegg. Eit sutreinnlegg om kor dårleg kollektivtilbodet er i Rogaland. Om bussane som ikkje kjem, og korrespondansen som ikkje finns. Men eg gjer det ikkje. Mi erfaring er at sutrerar alltid vil vera sutrerar. Og stort sett gjer dei ikkje anna enn å sitja på gjerdet å nettopp sutra. Og det gidd eg faktisk ikkje. Eg likar å fiksa ting. Eg likar å sjå løysningar, der andre berre ser problem. Det er trass alt ikkje for løye at eg er med i Senterpartiet. Me sutrar ikkje, me fikser, og me ser løysningar.
La oss ikkje kasta vekk meir tid på Kolumbus. Det funker ikkje. Og me jobber med saken. Me vil ha eit betre busstilbod. Over heile fylket. Og me me jobber med saken. Så la det vera med det. Sutringa får nokon andre ta seg av.
Eg har lyst å snakka om framtida. Eg har lyst å snakka om visjonar, og om det å verkeleg binda landet saman. Eg har lyst å snakka om høgfartstoget, mitt lille hjartebarn. Rogaland Senterungdom sitt lille hjartebarn.
Tenk det dette scenarioet. Klokka ringer på morgonen. 05:00. Du skal til Oslo. Flyet går klokka 08:30. Fyrst skal du stella deg og eta frukost. Så skal du gå til busshaldeplassen. Så er det på bussen. Av bussen. Innsjekking. Kø. Bagasjedropp. Kø. Tryggleikskontrollen. Ikkje vatn, sa du? Meir kø. Så er du omsider på gaten. Boarding. Kø. Av med mobilar. Letting. Landing. På med mobilar. Av flyet. Kø. Koffertar. Kø. Flytoget. Kø. Du er i Oslo klokka 10:30, og du er “klin gåen”, som me seier heime i Sauda.
Så skal me gå til den kjekke biten. Samanlikninga. Du skal til Oslo. Toget ditt går klokka 08:30. Du står framleis opp tidleg, men klokka er ikkje 05:00. Så går du til toget. Set deg på toget. Har mobilen på. Drikk vatnet ditt. Så kviler du hovudet ditt mot vindauget og duppar av. Du er i Oslo klokka 11. Og du er utkvilt.
Kva vel du?
Eit høgfartstog vil vera heilt uvurderleg for oss i Rogaland. Ikkje berre vil me kunna reisa til Oslo på ein enkel måte, eller reisa til Bergen på halvannan time. Ikkje berre vil me knyta landet vårt tettare saman. Me vil òg knyta fylket vårt tettare saman. Du kan jobba i Stavanger, og bu i Haugesund, turen tek deg berre ein knapp halvtime.
Tenk på den fleksibiliteten! Tenk på fridommen! Fridommen til å bu nett der du vil. Er det noko som er viktigare for Senterpartiet? Er det noko som er viktigare for deg?
Og miljøvennleg blir du i samen slengen. Du snakkar om gåvepakke.
Konklusjonen blir skremmande enkel. Me treng høgfartstog, og me treng det no. Det har me i Rogaland Senterungdom forstått.
Kvifor tenka lite, når ein kan tenka stort?