![]() |
[24.07.12 18:57] Grunnleggjande kunnskap om noko er viktig for å kunne delta i noko. Skulen er ein viktig arena for grunnleggjande opplæring i menneskeverd, demokrati og det politiske landskapet. Ein skule som oppfordrar til politisk engasjement og deltaking er viktig for auka valdeltaking ved båe lokalvala og stortingsvala som kjem. Les innlegget til Sentralstyremedlem, Marit Nerås Krogsæter.
Kunnskapsløftet gjev rom for meir kunnskap om politikk og når ein skal lære om politikk så kan ein òg la elevane få praktisk erfaring med temaet. Det er mange engasjerte sjeler rundt om i lokalmiljøa som kan ta ein aktiv del i denne undervisninga og det er viktig at skulane har opne auge for å ta inn relevante miljø der det er naturleg etter kompetansemåla i læreplanen. Dette meiner eg og Senterungdomen er eit viktig og riktig steg for elevar som gjeng i den vidaregåande skulen i dag.
Noko som òg er viktig i politikk- og demokratiopplæringa er at alle skal ha plass. Skulane skal ikkje diskriminere politiske parti eller ungdomsparti. At politiske parti og ungdomsparti besøkjer skular er viktig for engasjementet og då er det viktig at skulane ikkje driv med diskriminering ved å la enkelte parti kome på besøk og andre ikkje. Ein velfungerande samfunn har plass til alle, og skulen skal vere ein arena der alle skal kjenne seg velkomne.
Marit Nerås Krogsæter
Sentralstyremedlem