Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens Landsmøte 9. november 2008:

Sjukehus er verken butikk eller fabrikk

 


Landsmøtet i Senterungdommen meiner det trengst store endringar både i organisering og finansiering av spesialisthelsetenesta. Sjukehusreforma frå 2002 har gjeve dei resultata som Senterpartiet åtvara mot. Det største problemet er liten politisk styring og kontroll over ein av dei viktigaste delane av samfunnet. Sjukehusa vert drivne etter bedriftsøkonomiske prinsipp, der fokuset på pasienten forsvinn. Finansieringssystemet får sjukehusa til å prioritere behandlingar som gjev større inntekter, i staden for å ha pasienten og samfunnet sitt beste i tankane.

Forventningane til spesialisthelsetenesta har aldri vore større. Vi kan snakke om ei forventningskrise. Den medisinske og teknologiske utviklinga er enorm. Stadig fleire pasientar vert behandla, og vi kan behandle stadig fleire sjukdomar. Grensene for kva som kan gjerast vert stadig flytta. Befolkninga vert eldre, og mange vert ramma av livsstilsjukdomar. Dette fører til nye helsekøar og stadig aukande ressursbehov i sjukehussektoren.

Den manglande politiske styringa og forventningskrisa skapar uro og bekymring hos innbyggjarane og frustrasjon og krevjande arbeidsforhold for dei tilsette. Sjukehus er verken butikk eller fabrikk, og no krev Senterungdommen endring!

Spesialisthelsetenesta må saman med primærhelsetenesta sikre ei kvalitetsmessig god helseteneste over heile landet. Nærleik til fastlege, responstid for ambulanse og avstanden til spesialiserte tenester er viktig for å sikre at befolkninga får hjelp som er tilstrekkelig nær og med god nok kvalitet. Senterungdommen krev ei satsing på ambulansetenesta og at det vert nedfelt klåre retningsliner for kva som kan aksepterast av responstid for ambulansar. Ambulansetenesta må vere ein integrert del av spesialisthelsetenesta.

Dagens funksjonsfordeling mellom dei ulike sjukehusa er ikkje god nok. Nokre diagnosar krev spesiell kompetanse og erfaring for å få ei god behandling, og må difor samlast på færre stadar enn i dag. Det er viktig å sikres gode og kompetente fagmiljø over heile landet. Ein må sjå sjukehusstrukturen i lys av denne funksjonsfordelinga. Ein gjennomgang av funksjonsfordelinga mellom sjukehusa må munne ut i tydelegare definisjonar av rolla til dei enkelte sjukehusa.

Distriktsmedisinske senter (DMS) må få ei meir sentral rolle i framtida. Det bør opprettast fleire DMSar, og ein må leggje ein del planlagt verksemd til desse. Spesielt i område med lange reiseavstandar vil DMSar gje eit betre helsetilbod enn i dag. Fleire kan på den måten behandlast nærare der dei bur, og mange kan raskt kome nærare heimen etter behandling på sjukehus.

Senterungdommen sine løysingar:

  • Sjukehusa må over til regional folkevald styring. For å sikre folkevalgt styring inntil dette er på plass må representanter fra fylkestingene velges inn i de eksisterende styrene.
  • Funksjonsfordelinga mellom dei ulike sjukehusa (og DMSar) må gjennomgåast og sjukehusstrukturen må sjåast i lys av denne. Sjukehussektoren i hovudstadsområdet må effektiviserast.
  • Gjennomgå finansieringssystemet for sjukehusa for å fjerne dei uheldige utslaga av den sterke vektlegginga av stykkprisfinansiering ein har i dag. Økonomiske intensiv må ikkje styre kva pasientar som får behandling.
  • Redusere byråkratiet i sjukehussektoren og forbetre logistikken og samhandlinga.
  • Satse meir på DMSar, spesielt i område med lange reiseavstandar.
  • Det må satsast på ambulansetenesta og definerast tydeleg kva som er akseptabel responstid.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut