Bruk av dopingmiddel som til dømes anabole steroidar er i ferd med å verta eit samfunnsproblem. Slike preparat kan ved bruk ha store biverknader og føre med seg ulike problem. Ein har den siste tida hatt ein debatt om helgebråk og fleire forskingsrapportar syner at det kan vera ein samanheng mellom eit stort steroidebruk og aggressiv framferd, særleg ved rusbruk.
Ting tyder på at regjeringa går inn for å kriminalisera bruk av doping. I dag er det slik at der er lovleg å nytte og eige doping, medan import og kjøp er ulovleg. Dette er ein logisk brist Senterpartiet har jobba for å endra i mange år og Senterungdommen er glade for at dette no ser ut til å verta ein realitet. Det er likevel viktig at kampen mot doping ikkje stoppar der.
Ei kriminalisering av dopingbruk er eit steg i riktig retning og vil kunna vera eit nyttig verktøy i kampen mot doping. Senterungdommen trur dette vil ha ei preventiv effekt, men er likevel uroa for at lova skal verta ei symbollov. I dag er det ikkje lov å ta stikkprøvar for dopingbruk utanfor den organiserte idretten og alt tyder på at slik dopingbruk er minst like vanleg i dei uorganiserte miljøa. Når i tillegg politiet har knappe ressursar frå før er det ein viss fare for at denne lova vert lite nytta i praksis.
Senterungdommen meiner også at det er minst like viktig med tiltak utanom ei strengare lov. Ein del uorganisert dopingbruk skjer som følgje av at unge menneske ønskjer å ta ein rask snarveg til eit betre sjølvbilde. Opplysing og haldningsskapande arbeid er heilt nødvendig for å få bukt med dette. Senterungdommen ønskjer derfor ein meir heilhetleg dopingpolitikk, der ein set det forebyggjande arbeidet i fokus.