Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsmøte 2007:

Styrk BSU

 


BSU er ei ordning som oppmodar ungdom til å spare til egen bustad. I dag gjeld dette gruppa frå 18 til 34 år og gir ei årlig sparing til eigen bustad med skattefrådrag på 20 % og gir maksimalt 3000 i årleg skattefrådrag. Ein kan spare maksimalt 15 000 kroner årleg med 100 000 som maksimalt sparebeløp totalt.

BSU har ikkje vore indeksregulert sidan den vart innført etter skatteforliket i 1991.

Landsmøtet i Senterungdomen vil doble desse tala til maks 30 000 i årleg sparebeløp og 200 000 som maksbeløp.

Senterungdommen vil oppmode folk om å spare meir og få mindre fare for USA-liknande kollaps i bustadmarknaden grunna høg gjeldsgrad og sviktande betalingsevner. BSU er ei universell ordning, spesifikt for unge. Å kunne spare når ein har anledning og ekstra pengar til overs er ingen luksus, men berre fornuftig å gjera når bustadsmarknaden er så vanskeleg å kome inn på.

Landsmøtet i Senterungdomen vil og ha eit spleiselag med staten – når ein kjøper bustad og bruker BSUen kan dokumentavgifta falle bort for førsteheimskjøparar til og med 34 år.

BSU er ei god ordning og Senterungdomen sitt landsmøte vil gjera den endå betre ved å auke grensene og ta bort dokumentavgifta for førstegongskjøparar.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut