Dei norske oljeinntektene er unike. Oljen har gitt oss store nasjonale mulegheiter, men også eit akutt globalt ansvar. Senterungdomen vil ha ei langsiktig og etisk forsvarleg forvaltning av Statens pensjonsfond utland. Investeringar som medverkar til øydeleggingar av livsvilkår andre stader på kloden er ikkje berre uetiske, men kortsiktige, og lite eigna til å til å skape vekst og tryggleik både i Noreg og dei landa det gjeld.
Dei etisk retningslinene for Statens pensjonsfond utland må bli sterkare handheva. Eitt av dei mest akutte behova, er at pensjonsfondet trekkjer ut investeringane frå dei åtte selskapa som driv utvinning av fosfat i det okkuperte Vest-Sahara.
Investeringar i statsobligasjoner i land som gjennomfører grove brot på menneskerettane skal ikke gjerast.
Senterungdomen meiner at det å berre ha etiske retningsliner for kva investeringar ein skal unngå er ein defensiv strategi. Senterungdomen vil også ha etiske retningsliner for kva fondet aktivt skal investere i.
Senterungdomens landsmøte meiner at pensjonsfondet bør også vera pålagt å oppsøke prosjekt som openbart vil vera bidrag til å redusere global oppvarming. Døme på dette er investering i fornybar energi, CO2-reinseteknologi og miljøvenleg kollektivtransport som høgfartsbane.