Beskjeden frå regjeringa er klar: det skal strammast inn på statsbudsjettet. Senterungdommen krev at regjeringa kuttar riktig, som i klartekst betyr kutt som ivaretek den samfunnsutviklinga vi ønskjer.
Samtidig meiner me at ein ikkje berre må sjå på kvar ein kan kutta utgifter, men og kvar ein kan auka inntektene. Senterungdommen konstaterar at veksten i det private forbruket er stort, samtidig som fordelingsprofilen i dagens skatte- og avgiftssystem er for dårleg. Senterungdommen prioriterar velferd og fordeling, og meiner derfor at det utdaterte skatteløftet frå 2004 bør leggjast vekk.
Senterungdommen vil prioritere kutt som gjev eit meir klimavennleg og sunnare Noreg, og sikrar berekraft i velferdsordningane.
Senterungdommen vil:
- At partane i arbeidslivet bidreg til moderat lønnsutvikling. Fordelingsprofilen må styrkast gjennom ein likelønspott, og auka bruk av kronetillegg.
- Ha full fart på arbeidet med å gjere NAV til ein moderne velferdsetat som nyttar moderne teknologi, har skulerte tilsette og evnar å skreddarsy opplegg for den enkelte brukar.
- Ha auka fokus på ordninga ”raskare tilbake,” slik at fleire kan kome raskare tilbake til arbeidslivet.
- Stramme inn på prosjektlysten i det offentlege. Prosjekt fremmar papirmøller og byråkrati, og erfaringane blir i for liten grad brukt til å forbetre andre relevante delar av forvaltninga.
- Få på plass moderne datasystem og teknologiske løysingar hos a) alle offentlege etatar b) i det offentlige si samhandling med innbyggjarane. Føresetnaden må vere at dette på sikt gjev innsparingar i form av mindre byråkrati og færre tilsette.
- Auke bruk av skattemessige grep for å stimulere til auka deltaking i arbeidslivet blant t.d. personar med nedsett funksjonsevne og pensjonistar.
- Auke minstefrådraget og personfrådraget
- Auke toppskatten med 1 %
- Fjerne skattefrådraget for renter på boliggjeld over 2 millionar per person
- Harmonisera momsregimet gjennom full moms på all ferdigmat.
- Fjerna momsen på frukt og grønt
- Auke sukkeravgifta
- Gje skattefritak for kollektivkort betalt av arbeidsgjevar. Da er det en føresetnad at kollektivtilbodet vert tilpassa auka bruk.
- Auke CO2-avgifta
- - Gje skattemessige stimuli for privatpersonar og bedrifter som gjev pengar til allmennyttige formål
- - Opne opp for fleire private bidrag i offentlege byggeprosjekt
- - Senka statens regulativ for køyregodtgjersle
- - innføre arbeidsgjevarskatt på køyregodtgjersle
- - Gje byar full fridom til å innføre rushtidsavgift og eigne drivstofftillegg