Senterungdomen meiner kjøp av statsobligasjonar gjennom Statens pensjonsfond utland må underleggjast etiske retningsliner på same måte som investeringar i private selskap. Ved Finansdepartementet si utarbeiding av retningsliner må ein spesielt leggje vekt på at det ikkje blir investert i land som medverke til grove åtak på menneskerettane, folkeretten eller miljøet.
Å byggje framtida til komande generasjonar på denne typen investeringar er uetisk, for ikkje å snakke om økonomisk svært utrygt. Særleg land som har fått saksjonar frå Tryggleiksrådet retta mot seg, må ein vera varsam med å investere i. Noreg har på ein gryande, men prisverdig, måte begynt å stille krav om internasjonale regleverk for ansvarleg långjeving og lånopptak. Dette må følgjast opp ved å vise at dei same prinsippa gjeld for eigne nasjonale investeringar.