Senterungdommen krev ein meir offensiv integreringspolitikk den neste fireårsperioden. Vi har nett opplevd ein valkamp som i skremmande stor grad har nørt opp under fordommar ved å la kriminalitetspolitikken handle om etniske minoritetar. Dette er bidrag til rasisme, ikkje ansvarleg innvandrings- og integreringspolitikk.
Senterungdomen trur innvandring er ein styrke for Noreg, men at dårleg integrering fører til auka sosiale problem. Alle vil derfor tene på ein betre integreringspolitikk.
Senterungdomen krev at:
- Asylsøkarar må få tilbod om meiningsfull aktivitet på dagtid og dette kan sikrast ved at dei får mellombels arbeidsløyve mens søknaden blir behandla
- Faren for etnisk oppdeling blir eit viktig moment ved vurdering av fritt skuleval i fylka
- Kommunane får middel til å tilsetja ungdom til å drive med grunnleggjande norsk- og samfunnsfagsopplæring i asylmottaka
- Ha gratis kjernetid i barnehage for alle born i alderen 3-5 år i områder med høg andel ”ikkje-vestlige” innvandrare
- Asylmottak kan med føremon foregå i mindre einingar, og grøn omsorg kan bli ei alternativ form til integrering
- Talet på overføringsflyktningar frå FN aukar til 2000