Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre 28. januar 2007:

Økt beredskap langs kysten - Må ha det, berre må ha det!

 


”Server” ulykka på Fedje er nok eit bevis på ei feilslått oljeberedskap til sjøs. Senterungdomen ser det som heilt naudsynt at vi får ei styrka satsing på beredskap til sjøs.

Senterungdomen krev av regjeringa finn dei midlane som er naudsynte for å sikre kysten både for små ulykker og store katastrofar. Beredskapen vi har i dag er altfor svak, og har ofte ikkje mogelegheit til å gjere den nødvendige jobben når ulykka er ute.

Ei sterkare satsing må gje:

  • fleire oljeverndepot
  • heve kompetansen langs heile kysten om handtering av katastrofar og ulykker
  • Auke kompetansen til det lokale brannvesenet i alle kystkommunar
  • Sikre avtale med alle farty som er tenelege å nytte ved ein beredskapsoperasjon
  • Ha tilstrekkeleg med taubåtberedskap som kan operere i all slags vær

Senterungdomen kan ikkje godta at beredskap langs kysten blir ein salderingspost på budsjetta. Vi vil ha ein beredskap som kan sikre kysten frå å bli råka av både små og store katastrofar.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut