Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre 9. desember 2005:

Nasjonalt kompetasesenter for fri programvare

 


Senterungdomen meinar at vi må få fart på arbeidet med innføring av fri programvare i skuleverket og det offentlege generelt.

I dag vegrar mange skular og organisasjonar seg for å ta i bruk fri programvare, og det er to årsaker som går igjen; mangel på kompetanse og mangel på support

Ein god måte å løyse desse problema på er å opprette eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare i Noreg.

Det her er eit framlegg som òg har komme som eit samla utspel frå dugnadsorganisasjonane som arbeidar med, finansierar og utviklar fri programvare i Noreg i november 2005. Kommunenes Sentralforbund har òg uttalt seg positivt om prosjektet

Senterungdomen framhevar tronga nynorske og samiske elevar har for å få elektroniske læremiddel på eigne språk. Det har dei ikkje i dag. Her finnes det allereie gode alternativ, som til dømes det norske dugnadsprosjektet SkuleLinux, som utviklar elektroniske læremiddel på nynorsk, bokmål og nordsamisk, som er spesialtilpassa det norske skuleverket.

Bruk av fri programvare i skuleverket vil òg hindre foreldreinnbetaling, i og med at skulen vil ha lov til å dele ut programvaren gratis til sine elevar (og foreldra), til bruk på heime-PCar. Det er ikkje mogeleg med dei løysingane som vert nytta i dag.

Teleplan har i ein rapport frå oktober 2003 rekna seg fram til at ein vanleg norsk skule kan spare opp til 40% av sine IKT-utgifter over ein seksårsperiode ved å gå over til SkuleLinux.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut