Til forsiden
Du er her: Hjem  / Politikk  / Uttalelser 
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre 18. januar 2009:

Livbøylar til det lokale engasjementet

 


No har finanskrisa verkeleg kome til landet. Mange må ut i permisjon, og for å gjera det mest mogleg solidarisk, har ein nokre stader kome fram til ei ordning der dei tilsette skal permiterast 50%, slik at alle må vera med å dra lasset.

Dette skaper problem for mange. Den firkanta 50% regelen seier nemlig at for å få dagpengar kan ein ikkje jobba meir enn 50%. Dette kan i fyrste omgang høyrast rettferdig ut, men så kan ein spørja seg kva som skjer med dei som gjer ein liten innsats utanom arbeidstida. Mange har attåtnæringer som er med å utgjere ein forskjell i lokalsamfunna, til dømes brannvesenet, småbrukarar eller folk som har inntekt frå frivillige lag og organisasjonar. Desse mistar alt, og i verste fall kan konsekvensen verta at dei som driv attåtnæringane legg ned arbeidet for å få utbetalt dagpengar.

Senterungommen forventar at 50 % regelen endra så raskt som mogleg. Det lokale engasjementet treng livbøylar, skal det overleva denne krisa!

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut