Mange trur at politikk er ein gamalmannssport, og vil difor ikkje engasjere seg. Men kva tyder eigentleg engasjement?
![]() |
Elisabeth Gryting |
Det skal no vere kommuneval i Gjerstad kommune og alle andre kommunar i landet.
Eg er skremt over kor mange unge, spesielt første og andregongs veljarar, som ikkje bruker røysteretten sin. Og når eg spør kvifor dei ikkje gjer det, så får eg ofte svar at dei ikkje er interessert i politikk, dei aner ikkje kva dei skal røyste, og nokon seier at røysta deira ikkje tel så mykje på resultatet likevel, så dei kan like godt la det vere.
Lat oss først poengtere: Om alle skulle tenkje at deira røyst ikkje hadde noko å sei på resultatet, så veit me korleis valet ville gå. Alle røyster tel!
Om ein seier at politikk ikkje er av interesse, så har ein misforstått kva politikk er. Det er få elevar og foreldre som har noko med Sunde ungdomsskule og gjere, som ikkje bryr seg om kva som skjer der. Det er få ungdommar som ikkje bryr seg om kommunen har eit godt tilbod for ungdom. Det er få som ikkje bryr seg om kommunen tek godt vare på alle mennesker, uansett kor dei bur eller kor gamle dei er. Alt dette er politikk.
Korkje eg eller andre menneske i politikken har grunn til å legge oss opp i kva for eit parti enkeltpersonar røyster på, men for oss og for heile kommunen er det viktig at alle bruker røysteretten sin. Ikkje berre den eldre del av befolkninga. Det er viktig at kommunestyret er eit kommunestyre som er blitt valt fram av heile folket, og difor er eit kommunestyre for heile folket.
No som det nærmar seg valet kan det vere lurt å setje seg ned eit par minuttar og sjå kva dei forskjellege partia står for. Ein finn ikkje eit parti som ein er 100% einige i, men ein kan finne eit parti som har mykje likt, og som stillar med ein god ordførarkandidat.
Ikkje sit heime å tru at kommunevalet blir bra sjølv om du ikkje røyster. For det gjer det ikkje. Kommunen treng alles røyster!
Elisabeth Gryting – listekandidat på Sp-lista i Gjerstad