Til forsiden
Du er her: Hjem  / Sogn og Fjordane 


Vårens vakraste eventyr

[23.04.10 01:05] I skrivande stund får vårsleppet 2010 storfint besøk frå partileiinga vår, representert ved Liv Signe Navarsete, Trygve Magnus Slagsvold Vedum og Lars Peder Brekk! Dette er ein bolk mot slutten av vårslepp-programmet. Dette har vore ei strålande helg med lærerike kurs, sosiale opplegg og mykje moro!


 

Vi kom til Klækken, ein liten stad rett utanfor Hønefoss, på noko ulike tider fredag, men var maksimalt klar for ”vårens vakraste eventyr”! Tradisjonen tru hadde Sogn og Fjordane nok ein gong ein bra gjeng med på vårsleppet, som i år sette ny rekord med rundt 160 deltakarar. Fredag kveld ønskte sjefen sjølv i Senterungdommen, Johannes Rindal, velkommen til vårsleppet, før vi hadde quiz og andre sosiale eventar!

 

Laurdagen var dagen for sjølve kursdelen. Dette er ein dag der deltakarane vel kurs ut frå sine interesser og erfaringsnivå, og her er det eit tilbod for alle! I år kunne deltakarane mellom anna velje mellom landbruk, kriminalitet og samferdsle. Underteikna deltok på kursing innan narkotika, kriminalpolitikk, i tillegg til leiarskuleringa, og kan berre melde frå desse. Men kurset i narkotika var til dømes veldig bra; det vart halde av ein tidlegare rusmisbrukar, som kjempa for legaliseringa av enkelte narkotiske stoff under kontrollerte omstende, og dette gav ei veldig bra innføring i narkotikapolitikk frå ståstaden til ein av dei som verkeleg veit kvar skoen trykkjer.

 

Dagen heldt fram med fellesbolkar. Til dømes besøkte tidlegare toppidrettssjef Børge Stensbøl oss. Han snakka om prestasjonar og målsetjingar, og sette dette opp mot Senterungdommen si målsetjing om 2000 medlemmer i 2011. Kommunikasjonssjef i Senterpartiet, Torvild Sveen, snakka deretter om verving, og om å spreie ”den gode bodskapen” om verksemda til organisasjonen. Middagen på kvelden og festlegheitene etterpå var i ekte Senterungdommen-stil – den var det med andre ord ikkje noko å seie på. At det var utkledingsfest, der deltakarane vart oppmoda om å kle seg ut som heltar, la ikkje akkurat nokon dempar på stemninga!

 

Som nemnt innleiingsvis var besøk av partileiinga ein avsluttande del av ei kjempehelg. Søndags morgon kom nemleg partileiinga for å helse på oss, og vart utfordra til å stille på ei utspørjing – ei utfordring dei sjølvsagt tok! Utanom ein brann på hotellet søndag morgon, som med unntak av nokre materielle skader gjekk bra, gjekk det meste etter planen, og vårsleppet vart nok ein gong ein suksess!

 

Desse deltok frå Sogn og Fjordane:

         ·            Therese Dahl Eide

         ·            Anders Linga

         ·            Magnus Reiakvam

         ·            Sandra Strandos

         ·            Oddne Skrede

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut