[23.04.10 00:59] Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vart arrangert på Skei Hotel 5. og 6. mars. I beste tradisjon hadde Senterungdommen ein bra delegasjon til årsmøtet, klare for å tale ungdommen si røyst opp mot moderpartiet når fylkespolitikk skulle vedtakast!
Fylkesleiar Knut M. Olsen starta ønskte velkommen, og starta med si årlege årsmøtetale. Han snakka mellom anna om tilrettelegging for arbeidsplassar innanfor fornybar energi. Vidare var matjord og kompetansearbeidsplassar i fylket døme på andre tema han snakka om. Det vart opna for debatt på leiar si tale, der fleire senterungdommar teikna seg. Bruk av oljepengar og studentpolitikk var mellom temaa vi viste vi engasjerte oss i.
Årsmøtet heldt fram med ordinære årsmøtesaker som årsmelding, budsjett og arbeidsplan, i tillegg til innleiingar ved Erling Sande, Jenny Følling og Liv Signe Navarsete. Medan Liv Signe mellom anna fokuserte på lokalsjukehus, folketalsutvikling og kommunal- og regionalpolitikk, snakka Erling mellom anna om mobiliseringa under valkampen, distriktspolitikk og rovdyrpolitikk. Karen Marie Hjelmeseter frå Sogndal vart under valet den nye leiaren i Sogn og Fjordane Senterparti! Sogn og Fjordane Senterungdom gratulerar!
Fredag kveld samlast alle senterungdommane etter møtet, og stilte til middagen med moderpartiet etterpå. I tillegg til god mat, sørgja Senterungdommen for å auke stemninga ved å fortelje om fylkesturneen vår og synge turnesongen, og hadde i tillegg ein partyleik for heile forsamlinga :D Festen etterpå vart ein ekte Senterparti-fest på hotellet, av godt, gammalt merke!
Laurdag morgon var senterungdommane aktivt med i handsaminga av uttalane. Vi hadde levert inn to uttalar til årsmøtet: ein om gruvedrift i Vevring, og ein om tilrettelegging for meir praksis i vidaregåande skular. Vi fekk sistnemnde vedteken, med enkelte endringar i forhold til den innleverte versjonen. Dette markerte at det gjekk mot slutten av årsmøtet, og vi kunne konstatere at vi nok ein gong fekk vedteke viktig ungdomspolitikk på Senterpartiet sitt fylkeårsmøte!
Følgjande senterungdommar deltok på årsmøtet:
· Magnus Reiakvam (Senterungdommen)
· Erlend Herstad (Senterungdommen)
· Linn Christin Fløholm (Senterungdommen)
· Håkon Aleksander Olsen (Senterungdommen)
· Mia Gullaksen (Senterungdommen)
· Oddne Skrede (Fylkesstyret Sp)
· Mari Andrea Ness (Fylkestingsgruppa)
· Anders Linga (Årsmøtesekretariat)
· Sindre Børsheim Ramung (Sogndal)
· Aleksander Øren Heen (Årdal)
· Atle Hoff (Gaular)
· Torstein Hatlestad (Gaular)
· Marte Åshamar (Eid)
· Kristina Tomasgard (Hornindal)
· Eldar Årevik Engelund (Hornindal)
· Kristin Sandal (Gloppen)
· Ingvild Berge (Stryn)
· Ivar Olai Berge (Stryn)
· Rolf Olav Gjørven (Stryn)