Til forsiden
Du er her: Hjem 


Ikkje rør samferdselssatsinga!

[07.03.10 15:00] Senterungdomen er ikkje usamd i at ein i neste års statsbudsjett bør kutta ned på utgiftene, men åtvarar på det sterkaste mot å gjera dette innanfor samferdselssektoren, skriv politisk nestleiar Anders Linga i dette innlegget.


Den siste tida har det komme signal om at neste års statsbudsjett kjem til å verta noko meir moderat enn budsjetta har vore dei siste åra. Senterungdomen er ikkje usamd i at ein i neste års statsbudsjett bør kutta ned på utgiftene, men åtvarar på det sterkaste mot å gjera dette innanfor samferdselssektoren. 

Satsinga på samferdsel har gjennom mange år vorte nedprioritert i Noreg, og dette byrjar å få store konsekvensar. Mellom anna tapar mange norske verksemder svært mykje på unødvendig høge kostnader knytta til transport av varer. Infrastruktur som kan måla seg med det beste i utlandet er ein føresetnad for at me skal ha eit levedyktig norsk næringsliv også etter at petroleumsressursane tek slutt.

I fjor vart tidenes mest ambisiøse Nasjonale transportplan lagt fram og vedteken i Stortinget og dette blei motteke med jubel frå vår side.. Skal ein ta igjen etterslepet på området nyttar det ikkje å nok ein gang prioritera vekk samferdsel så snart krubba vert litt tommare. Det er difor svært skuffande å sjå at ein vurderer å følgja tidlegare regjeringas synder ved å løyva mindre enn Nasjonal transportplan tilseier. Denne regjeringa har til tider vorte skulda for manglande vilje til å satsa på enkeltområde, og Senterungdommen vonar samferdsel er det politiske området som motbeviser påstanden.

Senterungdommen aksepterer at statsbudsjettet for 2010 var tilpassa ein krisesituasjon og at tidene framover vert trangare, men krev at satsinga på samferdsel held fram!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut