Til forsiden
Du er her: Hjem  / Hordaland 


ÅRSMØTE I HORDALAND SENTERPARTI

[26.02.10 11:14] Årsmøtet i Hordaland Senterparti vart halde på Kokstad 19-20.februar. Senterungdommen hadde 5 utsendingar på møtet, i tillegg møtte ungdommar frå lokallaga rundt om i fylket. Hordaland Senterungdom fekk gjennom ei fråsegn om å sikra rettane til lærlingane. Denne kan du lese her:


 

SIKR RETTIGHEITANE TIL LÆRLINGANE!

Hordaland Senterungdom skal arbeida for å styrka kontrollen på opplæringa av lærlingar i bedrifter i Hordaland.

I dag opplever mange lærlingar at dei vert utnytta, og at dei ikkje får den opplæringa som dei har krav på etter læreplanen. Lærlingen skal sjølv ta kontakt med opplæringskontoret dersom ein ikkje når fram med ei ordning med bedrifta sjølv ved urett behandling. Det er snakk om ungdommar  som er relativt unge, dei vågar eller ønskjer ikkje å gje beskjed. Dei kan vera redde for å verta utestengde eller miste moglegheita til fornya ansiennitet når læretida er over.

Fylkeskommunen gjer i dag for lite konkrete opplysingar til bedriftene om kva ein skal gjennomgå i løpet av læretida. Opplæringskontoret har også hatt ein tendens til å snu ryggen til bedrifter som ikkje føl lærlingar godt nok opp, fordi dei er redde for å mista lærebedrifter.

Dette er ei svært viktig sak for lærlingen, men også for samfunnet og Noreg sin kvalitet på fagpersonar. Senterungdommen skal vera ein pådrivar for at lærlingane sine krav vert følgde i tråd med opplæringsplanen og rettane til lærlingane.

 

 

Hordaland Senterungdom informerte også lokallaga i Senterpartiet om vervekonkurransen som pågår i Senterungdommen. Laga var flinke å koma med innspel til nye medlemmar, og me håpar alle er med å bidreg til at desse vert følgt opp.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut