![]() Foto: Norsk Bane |
[28.01.10 16:28] I Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 vedtok Stortinget utredning av høgfartsbanar med bygging som siktemål. Stortingets Transport- og kommunikasjonskomitès fleirtallsinnstilling til statsbudsjettet for 2010 er endå spenstigare. Dei seier blant anna at det er viktig at utredningane kjem i gang fort, at det må settas av betydelege ressursar til dette i 2010 og at det skal settast ned ein eigen prosjektorganisasjon for å sikre maksimal framgang.
Det er nå viktig at rogalandskommunane går saman for å sikra at trasèen for Haukelibanen vert tegna inn i rulleringa av transportplanane for Ryfylke og Haugalandet.
Vinje kommune i Telemark har allereie starta førebuinga av reguleringsarbeidet for dei mest aktuelle trasèvalga gjennom kommunen. Dei framskynder på denne måten plan- og realiseringsprosessen, samtidig som dei sikrar seg størst mogleg lokal innverknad på planarbeidet og unngår å bli overkøyrde av ein eventuell framtidig statlig reguleringsplan.
Eg meiner tida er inne til å ta debatten om rogalandskommunane skal følgje Vinje sitt eksempel og på den måten leggje til rette for brei lokal innverknad og ei rask realisering av Haukelibanen...