Til forsiden
Du er her: Hjem  / Sogn og Fjordane 


Senterungdomsstunt:

26 kommunar - 56 timar - 2 på tinget

[14.09.09 10:45] Torsdag morgon starta ordførar i Førde, Nils Gjerland, ein gjeng med spente, ivrige Senterungdomar. Ferda skulle gå frå Førde sentrum rundt om i alle kommunane i fylket - på berre 56 timar. Målet var å mobilisere dei siste veljarane rundt om i fylket, for å nå Senterpartiet sitt mål om å få to på tinget.


Ferda starta i Førde klokka 10 torsdags morgon, og Senterungdommens youngster tour 2009 - buss var på plass i Florø kommune innan tidsfristen 56 timar seinare. På den tid hadde Senterungdomen vore innom alle 26 kommunane, og møtt mange optimistiske Senterpartistar og veljarar. Forhåpentligvis vart det ein del stemmesanking på turen, tross i at mange var på sauesanking denne helga...

På bilde ser de Senterungdomane på stand med Senterpartistar i Vik.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut