Meny
Bli medlem
Vårslepp 2019!

Velkomen til Vårslepp!

Publisert: 01.02.2019

Tradisjon tru blir det òg i år Vårslepp på Sundvolden hotell 8-10 mars for alle senterungdomar. Programmet er ikkje heilt lagt enno, men me kan love gode faglege kurs, swingkurs, rebusløp, temafest og mykje moro! Med tanke på at det er val i år, blir det sjølvsagt eit ekstra fokus på valkampen til hausten og korleis me skal vinne valet!

Vårslepp er Senterungdomens viktigaste rekrutterings- og skuleringsarena, og samlar nærare hundre engasjerte og nysgjerrige ungdomar som ønskjer å lære meir om Senterungdomen og Senterpartiet. På Vårslepp får både heilt ferske, og dei som har våre med i mange år, kurs og skulering retta mot deira nivå. Det arrangerast aktivitetskurs, politiske seminar og organisasjonskurs. Vårslepp er òg ein viktig arena for medlemmane der dei kan treffe nye vener frå heile landet, og treffe att gamle kjente. Den typiske Vårslepp-deltakar er ein engasjert ungdom! 

Programmet er som sagt ikkje satt enno, men i generelle trekk kan me lokke med gode innleiarar, triveleg sosialt samvere, god dansemusikk, aha!-opplevingar, ABBA, swing, rebus, god mat og gode minner. Programmet byrjar kl. 16.00 på fredagen, og er slutt til lønsj på sundagen.

Meir info kjem på www.senterungdommen.no og på Facebook så fort det er klart.

Påmeldingsfristen er 18. februar, og påmeldingsskjemaet finn du her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=mTM8Gakug0uTEf-zsoaay20kflAJ945FpU6I3nZDOsZUQTNMSVE3VDdFWjRDUVdJNEM4RjZYS0pEViQlQCN0PWcu