Meny
Bli medlem
Senterungdomen i vekst på Løvebakken

Senterungdomen i vekst på Løvebakken

Publisert: 15.06.2018 - Torbjørn Bergwitz Lauen

Når dei nye rådgjevarane i Senterpartiets stortingsgruppe vart presentert på gruppemøtet 6. juni vart det stor jubel i Senterungdomen. Me fekk to nye senterungdomar på Løvebakken! Karen Følgesvold, avtroppande generalsekretær, skal jobbe med kommunal- og forvaltningssaker, medan sentralstyremedlem Bent-Joacim Bentzen skal jobbe med utanriks- og forsvarssaker.

Inngangen deira til Senterungdomen var noko ulik, men felles var at dei hadde halde med Senterpartiet ei god stund før dei vart med. Karen vart verva under valkampen i 2013, og Bent-Joacim meldte seg inn etter eit ope møte om forsvarspolitikk i Trondheim i 2017. Med andre ord hjelper det med utoverretta aktivitet, og kanskje vert den neste du vervar generalsekretær i Senterungdomen eller rådgjevar på Stortinget?

Når underteikna fekk treffe dei to nye rådgjevarane til intervju var det engasjement å sjå i auga deira. Der Karen fortalte om korleis desentralisering og kommunalpolitikk var utgangspunktet for interessa og engasjementet hennar, var det utan tvil i forsvarspolitikken engasjementet låg hos Bent-Joacim. Det å få lov til å jobbe tett på saksfelta dei treivst best med var noko båe to gleda seg stort til, og ikkje minst det å «få bruke heile arbeidsdagen på det eg stort sett har brukt kveldane mine på» som Bent-Joacim uttrykte det.

«Ein må kaste seg ut i ting etter som det kjem!» kjem det frå Karen på spørsmålet om kva det viktigaste ho har lært i Senterungdomen som ho får bruk for i den nye jobben, før ho legg til at «..og det går heilt fint å gjere det, fordi me har eit så godt miljø i senterrørsla!». Bent-Joacim trakk òg fram det gode miljøet og samhaldet Senterungdomen som ein medverkande faktor til at han no sit som rådgjevar på Løvebakken. At han har vorte meir reflektert takkar han òg Senterungdomen for, noko han seier vart spegla att i karakterane det siste året på NTNU.

At Senterungdomen er viktig for Senterpartiet er noko dei er samde om båe to. «Senterungdomen er godt synleg i debatten, både på landsmøtet og elles, og er ein viktig aktør i politikkutviklinga som dreg Senterpartiet framover» kjem det frå Bent-Joacim, medan Karen påpeiker at Senterungdomen er godt likt, og at Senterpartiet er flinke til å inkludere ungdomen i arbeidet sitt. Som dei to nyaste medlemmane i Løvebakken Senterungdom er Karen og Bent-Joacim berre toppen av isfjellet av alle dei tidlegare senterungdomar som har og har hatt viktige rollar i Senterpartiet, og dei var samstemte om at Senterungdomen dreiv eit viktig rekrutteringsarbeid for senterrørsla.

Før me skilde lag var det eitt spørsmål som sto att, og det var korleis det ville vere å gå frå å vere frivillig (Bent-Joacim) og tilsett (Karen) i Senterungdomen til å jobbe for stortingsgruppa på Løvebakken. Bent-Joacim kunne heldigvis stadfeste at han ikkje kom til å tre av frå sentralstyret, men at han truleg kom til å få eit heilt anna høve til å gå i djupna på saksfelta han er oppteken av enn tidlegare. For Karen sin del meinte ho at overgangen frå administrative til politiske oppgåver kanskje vert den største endringa. Men at kontormiljøet truleg er litt annleis på Stortinget enn på SUL-kontoret var òg noko ho trakk fram: «Det vert nok litt mindre ABBA i kvardagen…»

 

 

Relaterte saker

Stortingsrepresentanter

Stortingsrepresentanter

Våre heilt eigne stortingsrepresentantar!!!